Biffsteiking

Kunsten å steike biff á la Superkokken;

Ha klara smør eller olje i panna, la det bli godt og varmt.Krydre kjøtet med salt og peppar rett før du legg det i panna.

Steik pent og roleg til det har fått ein pen jamn brunfarge, snu. Kjøtet må ikke bli brent. Krydre med salt og peppar på den sida som er steikt. Når båe sidene har fått ei pen brunfarge, skal du ta kjøtet ut av panna, og la det kvile i 2-3 minutt.

Steik vidare i panna eller steikeomn på 225 grader i 7-8 minutt. Ta kjøtet ut av omnen når det tek til å svulme opp. La så kjøtet kvile.

Ein regel er: like lang kvil som steik.

Varm biffane rask opp at i 2-3 minutt før servering.

Ved steiking i panne er det viktig at biffen blir snudd ofte og at ein unngår å svi. I alle tilfelle er det viktig at biffen kviler litt innimellom, det gjer resultatet betre. Når kjøtet får kvile under steikinga, sprer safta seg att. Ved vidare steiking spreier varmen seg gradvis innover og resultatet blir ein biff med farge gjennom heile stykket. Da er den saftig og mør.


Stikkord:
,


Del med andre:

0 kommentarer

Det er ingen kommentarer til denne enda...

Hvorfor ikke bli den første til å kommentere, ved å fylle ut skjemaet under?

Legg til en kommentar